Appell til norske politikarar om å protestere mot Iran

Skjermbilde av kronikken på nettsiden til Stefanusalliansen.

-Korleis lyder utanriksminister Anniken Huitfeldts protest mot Irans brutale «kjettarjakt»?

Spørsmålet blir stilt av Johannes Morken, redaktør i Stefanus-alliansen, i ein kronikk under tittelen “Irans brutale “spionjakt”” som er publisert på stefanus.no, Dagsavisen og Rogalands Avis i dag, 5. august.  Morken rettar ein skarp kritikk mot forfølgingane mot minoritetar i Iran, særleg bahá’íane.

Morken rettar skarp kritikk mot styresmakta i Iran og appellerar til norske politikarar om å reagera:  
-Eg etterlyser aktive politikarar som står opp for bahai´ane, konvertittane og dei modige hjelparane deira i Iran. Båe dei fredelege gruppene har rett til å samlast om det dei trur på, saman med folk som trur på det same, utan risiko for å bli fengsla eller bli grunnlaust stempla som spionar eller som fare for den iranske statens tryggleik.

Johannes Morken er redaktør i Stefanusalliansen. (Foto: stefanus.no)

Som redaktør i Stefanusalliansen er Johannes Morken redaktør for Magasinet Stefanus, nettsidane til organisasjonen og sosiale medium. Stefanusalliansen er ein misjons- og menneskerettsorganisasjon – med særleg vekt på kampen for trusfridom.

Thor Henning